Sidevisninger

torsdag 18. november 2010

Analysering av "Good Luck Chuck"

coveret...

GENERELT OM FILMEN

Denne filmen, "Good Luck Chuck" er ein filmkomedie utgitt i 2007. Hovudpersonane i filmen er Dane Cook og Jessica Alb, og filmen ble spilt inn i Canada i Edmonten og noko i Los Angeles i USA. Regissøren av filmen er Mark Helfrich, og det kostet ca. 25 millionar dollar å produsere den.

Cam og Charlie på ein date...

HANDLING

Vi møter Charlie Logans som jobbar som tannlege. Han har fått en forhekselse, trur han, som gjør at kvar einaste kvinne han ligg med, gifter seg med den neste mannen de dater. Han nyter sine ville netter, med desperate, single kvinner, og lever livet sitt fullt ut! Heilt til ein dag han møter Cam. Dei to møtes i eit bryllaup, som naturligvis han står for. Han forelskar seg fort i Cam, men han er likevel livredd for å miste ho, så han unngår å ligge med henne. Etter dei har datet en stund, ligg dei også saman, og Charlie blir med ein gong livredd for kva som kjem til å skje.

Cam jobbar på ein dyrkepark for pingvinar, og møter ein dag ein veldig kjent pingvinelskar. Charlie føler han møter stor utfordring mot denne unge kjekkasen, og prøver desperat å overbevise Cam om at han er den rette. Han gir henne blomster, frukost på senga og overdøser ho med presangar. Cam får avsmak frå Charlie, den tidligare sjarmøren, og ber han dermed  gi henne pusterom for ein stund. Charlie's hjerte knusast, og han sit heime i fleire dagar einsam, heilt til den dagen han for vite at hun er på vei til Nordpolen med han nye mannen. Han stopper henne på vei inn på flyet, og forteljar henne kva han føler for hennar.  Det viser seg at den nye mannen allereie har kone, og at turen berre skulle vare i nokre få dagar.  Cam tilgir Charlie for å ha vært ein idiot, og de blir saman igjen.

Cam er som sagt litt klumsette..

VERKEMIDLER

Vi har ikkje nokre veldig store konfliktar, men nokre få, små er det. Vi har ein konflikt mellom Stu (Charlie's bestekompis)  og Charlie, som dreier seg om korleis dei skal løyse forheksinga. Stu meiner Charlie er frelst og verdens heldigaste mann, i motsetning til Charlie som er nyforelska. Den mest sentrale konflikten er vel den mellom Cam og Charlie, etter han begynte å oppføre seg desperat, merkelig og rar. Det gjer at Cam mister litt følelsane ho har for Charlie.

Cam's kostyme og rekvisittar er faktisk ganske viktige i forhold til korleis Cam framstilles.  Hu går i lete, løyse og ledige klar, og mange av klarne hennar har pingvinar på seg. Ho er ein klumsete jente, og framstilles som litt barnslig. Ho er stort sett ein blid og søt jente, og det kan du også sjå på de farkerike og spreke klarne hennar. Charlie's klar er også sentrale i rollen hans. Han er den kjekke mannen som alle i heile byen vet om, og går dermed naturligvis ofte i dress/skjorte og ser stilrein ut.

Stu, Charlie's bestekompis og Charlie

Den dagen Charlie og Cam ligg saman, får vi sjå huset til Cam. Der er det også mykje farger, og mykje dill-dall. Rommet hennar er også stappfullt med pingvinar i alle slags former og størrelsar. Charlie sitt hus er derimot stilreint der også, og det er lite rot, og er faktisk ikkje ein typisk ungkar hybel.

Filmen er spilt inn på sommaren, og det passer bra til filmsjangeren og handlinga. Det er kjærleik mellom to, unge personar, og livet virke lyst og herlig. Det meste av filmen forgår også midt på dagen, men vi har noen romantiske stunder mellom Cam og Charlie på kvelden å.

Sjølve filminga består av mykje og tydelege fargar, men vi har ikkje nokon spesiell bildeutsnitt. Bildeutsnittet er som regel halvtotal eller nært, og kameraet er alltid stabilt. Vi ser aldri følelsar ved ansiktsuttrykk, eller andre ultranære bildeutsnitt.

Cam jobber på eit museum med pingvinar

Musikk brukast ein del  i filmen. Det er for det meste musikk som for deg i godt humør, og vi høyrer blant anna "I was zapped by the lucky super rainbow", "Hurry up let's go" og "Crazy in love".

EGENMENING

Eg har sett denne filmen ganske mange gonger, og begynner eigentleg og bli ganske lei av den. Men fyrste gong eg så den synast eg den var veldig morsam. Eg vil nok ikkje anbefale den til vaksne, og heller ikkje barn på grunn av alle sex scenane.  Dette er ein veldig typisk amerikansk komedie, og dei fleste har vel sett tusen andre som likner på denne filmen. Kanskje den er morsam og sjå ein gong for vaksne å, men den blir nok ikkje til begeistring. 

Charlie prøver desperat å vinne tilbake Cam...

Blogges, Selma!

1 kommentar:

  1. KJEMPEFIN bruk av bilete i mediet blogg! Men analysen av estetiske virkemiddel er det så som så med... Jobb med det :)

    SvarSlett