Sidevisninger

fredag 12. november 2010

Kåserianalyse om vinteren

"Vinteren er strålande"
12. november 2010
09:44
Eg valde å skrive eit kåseri om den mørkaste årstida.

No har vinteren komma og er alldeles den verste årstida som finnast. Kven er det som liker kulda og mørket? I kvartfall ikkje eg, om du gjer så må du vere stokk dum og grisebanka. Stå opp tidleg om moringane i mørket, når det du eigentleg vil, er å legge deg ned igjen å sove. Kulda som kryp opp ryggen din og får hårande dine til å reise seg. Alt du ser er snø, snø, litt meir snø og kanskje litt is. Dette gjør meg kvalm nesten før eg har gått ut av døra. Når du kjem til skulen, søkk våt av all sørpa føler du deg ikkje akkurat glad. Kverdagande blir liksom meir slitsame, dystre og mørke. Det finnast ikkje noko lys lenger, berre du aleine i vinterkulda.

Eg huskar ein episode her på ein måndag for nokre år sida. Mørket (vinteren) hadde allereie komma og eg  stod nede på Høn stasjon kl. 8:00. Som alle andre stod eg og venta på toget som kjem kvar dag 8:08. Men i dag hadde snøen komma og eg stod spent å venta på toget. Plutseleg hørte eg den irriterande NSB stemmen i høytalerne. "Alle tog er innstilt og Lillestrøm lokal toget er venta 20 minuttar forsinka".  Dette hadde allereie gjort den dystre dagen min enda dystrare. Eg venta og venta, og da klokka hadde passert 20 min over åtte var det fortsett ikkje noko tog å sjå. "forbanna NSB, tenkte eg, forbanna tog selskap som aldri kan vere presise". Fortsett stod eg på Høn stasjon og venta og klokka var ti på ni. Da eg var i ferd med å gå heim for å leggje meg, såg eg et lyte lys i det fjerne. Det kom nærmare og nærmare, og til slutt såg eg toget komme ut av tåka. Eg var no enda meir forbanna og eg hadde no fått en fråværstime pga tragiske NSB lokaltog.

Denne episoden har forandra heile mitt liv, når det gjeld årstider. Før elska eg vinteren, kulda og den dystre perioden før juleferien, men no, no hatar eg den. Eg pleidde å leke i snøen, gå på ski og lage snømenn, men no blir eg berre kvalm av tanken på  å gå ut. 

Skrevet av Martin 

2 kommentarer:

  1. Dette var morosamt! Eg lo høgt, og du fiksar fint det muntlege språket. Etter kvart sklir strukturen ut, men hald fast ved det du gjer i byrjinga :)

    SvarSlett
  2. Ha ha! Dette var et morsomt innlegg. Kjempe bra første innlegg dere! Fortsett med det dere!

    SvarSlett